Møt Elin Ekorn og Kåre Bjørn

Elin Ekorn og Kåre BjørnPå fleire av arrangementa våre pleier Elin Ekorn og Kåre Bjørn å vere til stades. Blant anna har dei fått med seg fleire av Konglekinoane våre, dei har vore på Vitensenteret i Bergen, dei var med å heia fram syklistane under Tour des Fjords og dei var med oss på segltur ombord på Svanhild i Kalvåg.

Dei har som oftast med seg både snop og andre kjekke overraskingar, og stiller ALLTID opp på bilete om du vil det. Følg med på lokalsidene for å sjå neste gang dei er i ditt nærområde!